Skip to main content

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Frå portrettmåleri til selfie

Verkstaden framsida

Frå portrettmåleri til selfie

Kven er du, og korleis ønskjer du at verda skal sjå deg? Menneske har vore opptekne av dette i alle år, og kanskje tenkjer du nøye gjennom korleis du ser ut, og kva som er i bakgrunnen når du tek ein selfie? Teiknarar, skulptørar og målarar har portrettert menneske slik at det har passa med ideal i tida.

I denne modulen blir du utfordra til å prøve deg som kunsthistorikar og bli betre kjend med visuelle verkemiddel. Teikneferdigheitene dine kan bli sette på prøve når du skal fange kroppspositurar på papiret i løpet av få minutt. Du blir også utfordra til å kombinere gamle ideal med noko du kjenner godt frå før – selfien. Ved hjelp av mobilkamera eller eit nettbrett kan du gjenskape eit portrett frå kunsthistoria og lage din eigen artfie.

Ordforklaringar

portrett: Eit bilete som skildrar ein bestemt person. Skildringa kan givast att i teknikkar som foto, måleri eller teikning.

selfie: Sjølvportrett teke med digitalt kamera eller mobilkamera. Blir ofte delte i sosiale medium for å fortelje kva ein gjer, eller vise korleis ein ser ut.

Kompetansemål
  • analysere hvordan identitet og stedstilhørighet kommuniseres i arkitektur, klestradisjoner, kunst eller gjenstander, og integrere kulturelle referanser i eget skapende arbeid
  • reflektere kritisk over visuelle virkemidler og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i en skapende prosess