Skip to main content

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Kunsthistorie

Verkstaden framsida

Fotografi av taket i Det sixinske kapell. Taket er malt av Michelangelo, 1508-1512.
© Michele Falzone/Getty Images

Taket i Det sixtinske kapellet er eit meisterverk frå høgrenessansen måla av Michelangelo.

Kunsthistorie

Alt menneskeskapt ber på historier. Ein kunsthistorikar beskriv og tolkar måleri, skulptur, bruksgjenstandar og arkitektur for å gi oss svar på kvifor dei blei skapte, og kva som var grunnane til at dei blei akkurat slik. Eit måleri frå Italia på 1400-talet er eit historisk dokument som kan fortelje oss kva menneske på den tida var opptekne av å formidle, kva dei kunne få til reint teknisk, og kva måleri det var mogleg å skape og vinne tillit for som kunstnar.

Fram til 1800-talet arbeidde kunstnarar på oppdrag og gav att historiene til andre, men gradvis blei det meir rom for at kunstnaren gav uttrykk for sine eigne tankar og meiningar. Kunstverk, arkitektur og bruksgjenstandar speglar verdiar og tankar i samtida, og dei har skifta i takt med religion, økonomi og politisk makt. Arbeida til kunstnarar, handverkarar og arkitektar fortel om det samfunnet dei blei skapte i. Nokre kunstverk er protestar mot ideala i tida og ber i seg eit ønske om forandring av samfunnet, andre kan vere hyllester av det som skjer.

Prøv deg som kunsthistorikar og vel ei av oppgåvene under.

Ordforklaringar

kunsthistorikar: Person som har teke ein mastergrad eller eit hovudfag i kunsthistorie ved universitetet. Han eller ho har kunnskapar om kunst og arkitektur frå oldtida til i dag og arbeider med forsking, formidling på museum eller undervisning.

kunstverk: Blir brukt om resultatet av arbeidet til ein kunstnar. Kan vere måleri, skulptur, fotografi, video, grafikk eller installasjonar.

bruksgjenstandar: Ting som er laga for å fylle ei konkret oppgåve. Ein kopp er eit eksempel på ein bruksgjenstand. Oppgåva er å vere ein drikkebehaldar for ei mindre mengd varm væske.

arkitektur: Bygningar og forming av byar og landskap. Ordet arkitektur kan brukast både om planleggingsarbeidet og det ferdige resultatet.

Kompetansemål
  • reflektere kritisk over visuelle virkemidler og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i en skapende prosess
  • analysere hvordan identitet og stedstilhørighet kommuniseres i arkitektur, klestradisjoner, kunst eller gjenstander, og integrere kulturelle referanser i eget skapende arbeid