Skip to main content

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Artfie – gjenskap eit portrett frå kunsthistoria

Verkstaden framsida

Artfie – gjenskap eit portrett frå kunsthistoria

Artfie speler på omgrepet selfie, og du skal gjenskape eit portrett frå kunsthistoria ved hjelp av mobilkamera eller nettbrett. Du skal lage ein artfie der det er klart kva kunstverk du har brukt som utgangspunkt for biletet ditt, men du kan gjerne leggje inn moderne element, spele på humor eller byte om på kjønn på dei som blir portretterte. Bodskapen din treng ikkje vere den same som i originalverket, men attkjenninga skal vere der. Gjer internettsøk på omgrepet art remake, så finn du eksempel på korleis andre har gjenskapt kunstverk i fotografi.

Appropriasjon eller plagiat?

Det å låne element frå verket til andre kunstnarar er ein kjend strategi blant samtidskunstnarar som blir kala appropriasjon. Element som blir lånte, kan vere for eksempel tittel, motiv, målemåte eller former – og kunstnarar låner også frå kvardagsgjenstandar og populærkultur. Strategien med å låne frå kunstverka til andre kan føre kunstnarar til rettssalen. Alle kunstverk er beskytta av opphavsrett, og kvar grensa for plagiat går, kan det vere svært vanskeleg å definere. Reglane for plagiat gjeld også deg som elev. Det betyr at du ikkje kan publisere artfien din i for eksempel sosiale medium eller trykte bøker utan å avklare dette med kunstnaren.

Artfie

  1. Vel eit av kunstnarnamna under og søk deg fram til eit portrett som du har lyst til å lage ein artfie av. Vel eit portrett som du er sikker på at kunstnaren står bak, og som du finn både tittel og årstal på. Finn ut kva kunstnarisk periode verket høyrer inn under, og finn typiske kjenneteikn for stilen.

    år 1300 → samtid

    Leonardo da Vinci Francisco de Goya Christian Krogh Frida Kahlo Dolk
    Caravaggio Jean Auguste
    Dominique Ingres
    Kitty Kielland Gustav Klimt Pushwagner
    Michelangelo Édouard Manet Edvard Munch Pablo Picasso Riitta Ikonen
    Giotto Peter Paul Rubens Theodor Kittelsen Vincent van Gogh Vibeke Tandberg
    El Greco Johannes Vermeer Hannah Ryggen Roy Lichtenstein Håkon Gullvåg
  2. Planlegg korleis du skal ta artfien din. Hugs at det skal vere klare likskapstrekk mellom originalverket og artfien din. Tenk derfor nøye gjennom val av bakgrunn og utsnitt og øv på å gjenskape ansiktsuttrykk og kroppspositurar. Du må samarbeide med andre elevar om å ta bileta slik at de stiller som fotografar og modellar for kvarandre.
  3. Ta nokre testbilete og prøv ut nokre appar for biletbehandling og manipulasjon, som: Artly, Photoshop Express, Prisma og Photoshop Mix. Du kan gjerne kombinere fleire lag med bilete i artfien din.
  4. Ta artfien din og gjer eventuelt etterbehandling av biletet.
  5. Lag eit lysbilete til ein PowerPoint der du set artfien din ved sida av originalverket til kunstnaren. Legg inn namnet til kunstnaren, tittel på verket og kunsthistorisk periode. Skap ein ryddig og lett leseleg layout der bilete og tekst framhever kvarandre. Vel bakgrunn og fontar med tydelege visuelle referansar til verkemiddel i originalverket til kunstnaren.
  6. Hald ein presentasjon for klassen der du beskriv visuelle verkemiddel i originalverket, fortel om den kunsthistoriske perioden verket høyrer inn under, og vurderer korleis du har klart å gjenskape originalverket i artfien din (kroppspositur, ansiktsuttrykk, bakgrunn, utsnitt og andre relevante visuelle verkemiddel).
Ordforklaringar

artfie: Eit omgrep som er sett saman av orda selfie og art. Viser til å gjenskape eit kunstverk som fotografi.

originalverk: Det biletet eller den skulpturen som kunstnaren laga.

bodskap: Det du vil fortelje med eit bilete, ein film eller ein tekst.

strategi: Bestemt framgangsmåte.

appropriasjon: Ein teknikk blant kunstnarar der dei siterer (bruker noko frå) tidlegare kunstverk i eigne arbeid. Blir knytt til den kunsthistoriske perioden postmodernismen frå ca. 1970.

plagiat: Ulovleg kopi av eit kunstverk, tekst eller musikk der noko eit anna menneske har skapt, blir vist fram som noko ein har skapt sjølv.

opphavsrett: Lov som beskyttar rettane til den som skaper noko. Den som har skapt noko, har rett til å bestemme korleis det blir brukt. Dei kan krevje betaling for bruken og at namnet deira og riktig tittel på originalverket blir gjorde kjende. Dersom du ønskjer å publisere noko som andre har skapt (teikning, foto, film, tekst, musikk), må du hente inn løyve. Det gjeld også om du berre bruker ein liten del, for eksempel bakgrunnen i eit bilete. Den som har skapt verket (opphavsmannen), kan krevje erstatning av deg dersom du publiserer noko utan løyve.

Kompetansemål
  • undersøke hvordan kunst, inkludert samisk kunst, kan bidra i samfunnskritikk, og skape kunstuttrykk som belyser utfordringer i egen samtid
  • analysere hvordan identitet og stedstilhørighet kommuniseres i arkitektur, klestradisjoner, kunst eller gjenstander, og integrere kulturelle referanser i eget skapende arbeid
  • utforske hvordan digitale verktøy og ny teknologi kan gi muligheter for kommunikasjonsformer og opplevelser i skapende prosesser og produkter
  • visualisere form ved hjelp av frihåndstegninger, arbeidstegninger, modeller og digitale verktøy
  • reflektere kritisk over visuelle virkemidler og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i en skapende prosess
  • fordype seg i en visuell uttrykksform og/eller en håndverksteknikk, utforske muligheter gjennom praktisk skapende arbeid og presentere valg fra idé til ferdig resultat