Skip to main content

Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Gjer deg kjend med kunsthistoriske periodar

Verkstaden framsida

Kunsthistorikar Thurid Vold tar deg gjennom sentrale kunsthistoriske periodar – og spør: Kva er eigentleg meininga med kunsten? Filmen følgjer framstillinga av menneskekroppen frå antikken til i dag. Thurid Vold spør kva rolle kunstverka hadde i samtida og gir deg nøklar til å skilje dei kunsthistoriske periodane frå kvarandre. Sjå gjerne gjennom tidslinja slik at du har nokre knaggar på plass før du ser filmen.


Ordforklaringar

kontekst: Kva forhold prega samfunnet då kunstverket blei skapt? Kven hadde politisk makt, kva religion dominerte, var det gode eller dårlege tider? Er kunstverket skapt som ein protest mot makthavarane eller for å hjelpe dei å halde på makta si?

antikken: Periode frå 700 fvt. til 500 evt. Gresk-romersk kultur.

renessanse: Periode frå 1300 til 1600. Renessanse tyder gjenføding og viser til at dei antikke ideane om kunnskap, fornuft og mennesket i sentrum blir fødde på ny.

individualisme: Kvart menneske blir sett på som sjølvstendig og viktig.

middelalderen: Periode frå 500 til 1500. Kristendommen står sterkt, og kunstverka er knytte til kyrkja og gjengiving av bibelske motiv.

realistisk framstilling: Naturtru gjengiving, liknar røynda.

symbolsk form: Ein kode eller teikn som fungerer som eit hjelpemiddel i kommunikasjon. Føreset at ein kjenner kodane. Ei hjarteform er eit symbol på kjærleik. Ein skulptur i ei kyrkje som viser ei dame som held eit barn, er eit symbol på Jomfru Maria og Jesusbarnet.

klassisk kontrapost: Ståande stilling der vekta er lagt på éin fot og med ein knekk i hofta.

sentralperspektivet: Anna ord for eittpunktsperspektiv. Skapar illusjon av eit tredimensjonalt rom ved å leie linjer mot eit forsvinningspunkt.

barokken: Periode frå 1600 til 1700. Bilete og skulpturar er prega av ei dramatisk framstilling med mykje rørsler, kjensler og bruk av lys og skugge.

rokokko: Periode frå 1700 til 1800. Forfina og litt meir elegant utgåve av barokken.

nyklassisimen: Periode frå 1750 til 1840. Klassisisme viser tilbake til antikken og til renessanseprinsippa om fornuft og logikk. Kunsten er prega av enkle linjer og balanse.

romantikken: Periode frå 1800 til 1865. Spelar på kjensler, fantasi og mytar. Stor interesse for mellomalder og nasjonal kulturarv.

realismen: Periode frå 1860 til 1910. Blir sett på som ein protest mot den fantasifulle romantikken. Framstiller verda uten å pynte på ho, med fattigdom, kvardag og undertrykking.

impresjonismen: Periode frå 1870 til 1876. Gjengir motivet slik vi oppfattar det i augneblinken. Skildrar lyset.

kubismen: Periode frå 1910 til 1950. Ønskjer å vise fleire sider av ein tredimensjonal gjenstand samtidig.

performance: Kunstverk der kunstnaren gjer noko framfor eit publikum på eit bestemt tidspunkt.

iscenesette: Kva måte noko blir vist fram på. Ofte bruker ein omgivingane rundt personen som blir portrettert. For eksempel ein dyr bil for å vise rikdommen og makta til personen.

Kompetansemål
  • undersøke hvordan kunst, inkludert samisk kunst, kan bidra i samfunnskritikk, og skape kunstuttrykk som belyser utfordringer i egen samtid
  • analysere hvordan identitet og stedstilhørighet kommuniseres i arkitektur, klestradisjoner, kunst eller gjenstander, og integrere kulturelle referanser i eget skapende arbeid
  • utforske hvordan digitale verktøy og ny teknologi kan gi muligheter for kommunikasjonsformer og opplevelser i skapende prosesser og produkter
  • reflektere kritisk over visuelle virkemidler og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i en skapende prosess