Maten vi et, består av forskjellige næringsstoff som vi treng for å leve. Vi deler næringsstoffa opp i grupper etter korleis dei er bygde opp, og korleis dei verkar. Dei viktigaste er karbohydrat, protein, feitt, vitamin, mineral og antioksidantar. Dessutan treng vi vatn, som er nødvendig for at cellene i kroppen skal gjere jobben sin. Vatn fraktar næringsstoff rundt i kroppen og reinsar cellene.
| Karbohydrat, protein og feitt | Vitamin og mineral | Antioksidantar |
|---|---|---|
| Gir energi og byggjer opp cellene | Styrkjer immunforsvaret | Beskyttar mot kreft og hjartesjukdommar |
Karbohydrat, protein og feitt blir også kalla energigivande næringsstoff. Dette er dei viktigaste næringsstoffa, og dei vi treng mest av kvar dag. Vitamin og mineral og antioksidantar er stoff vi treng berre i små dosar.
Et vi sunt og variert, får vi i oss dei næringsstoffa vi treng. Dei små mengdene av vitamin, mineral og antioksidantar får vi gjennom mellom anna frukt og grønt og feit fisk.
Minst halvparten av kosten vår bør bestå av karbohydrat – grønsaker, frukt, korn. Dette er mat som inneheld mykje næring samtidig som han reduserer risikoen for sjukdommar som hjarteinfarkt og diabetes 2.
Energibalanse
Når vi et, blir næringsstoffa omsette til energi, karbondioksid og vatn i cellene. Kroppen er heilt avhengig av denne prosessen skal han fungere. Energien blir brukt til å halde på kroppstemperaturen og til oppgåvene til dei indre organa, som å puste og pumpe blod. Energi trengst også for at vi skal kunne bevege oss.
Det bør vere ein balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje energi som blir omsett i kroppen og forbrukt gjennom aktivitet. Denne energien måler vi i kilojoule (kJ) eller kilokaloriar (kcal). Dess meir vi bevegar oss, dess meir energi treng kroppen vår. Ein idrettsutøvar kan ha behov for langt meir mat eller energi enn ein mindre aktiv person.
Kilojoule (kJ) og kilokaloriar (kcal) er måleiningar for energi: 1 kcal = 4,184 kJ. Energi er oppgitt både som kilojoule (kJ) og som kilokaloriar (kcal) i matvaretabelldatabasen.
Om energiinntaket er lågare enn energiforbruket, går vi ned i vekt. Tilsvarande aukar vekta om energiinntaket er høgare enn energiforbruket. Men om ein har ei stabil kroppsvekt, er det eit teikn på at kroppen er i energibalanse. Mange ønskjer å slanke seg raskt, og gjer dette ved å ete lite eller einsidig. Men då risikerer vi å få for lite næringsstoff. Kroppen vil dessutan justere forbrenninga etter det låge kaloriinntaket, slik at vi går raskt opp i vekt igjen.
Ordforklaringar
karbohydrat: Den største energikjelda i kosthaldet. Finst i korn, ris, frukt og grønt, poteter og sukker.
feitt: Ein type kjemiske sambindingar som dannar seg i cellene hos dyr og planter. Fungerer som energilager i kroppen.
protein: Næringsstoff som byggjer opp kroppen vår. Vi får protein mellom anna gjennom kjøtt, egg, mjølk, erter og bønner.
Kompetansemål
- planleggje og bruke eigna reiskap, teknikkar og matlagingsmetodar til å lage trygg og berekraftig mat som gir grunnlag for god helse
- drøfte korleis kosthald kan bidra til god helse, og bruke digitale ressursar til å vurdere eige kosthald og til å velje sunne og varierte matvarer i samband med matlaging
- gjere greie for og kritisk vurdere påstandar, råd og informasjon om kosthald og helse